Ål kommune Ål kulturskule

Dansepedagog 100% fast stilling

Ål kulturskule søker dansepedagog i 100 % fast stilling frå 1. august 2025.

Er du ein engasjert og kreativ dansepedagog som brenn for å utvikle danselyst og skaparglede? Då er Ål kulturskule staden for deg!

Om Ål kulturskule
Ål kulturskule tilbyr over 300 elevplassar innan musikk, dans, teater/drama, sceneteknikk, yoga og visuell kunst. Målgruppa vår er barn og unge frå 4 til 19 år, men vi har òg tilbod for vaksne innan dans og yoga. Visjonen vår, "Kulturskule for alle", handlar om å skape opplevingar, utvikling og skaparglede for alle som deltek. Vi vektlegg leik, kreativitet og elevmedverknad i alt vi gjer. Vi er stolte av dei årlege kulturprosjekta våre i det flotte kulturhuset vårt, ofte i samarbeid med festivalar og aktørar i kulturlivet. Hos oss får du ein spanande arbeidskvardag med mykje tverrfagleg samarbeid og rom for å påverke, skape og utvikle saman med kjekke og dyktige kollegaer.

Ål skal vere eit kraftsenter for dans i Hallingdal – her kan du bli med på å forme framtida!

Arbeidsoppgåver

  • Undervise i jazzdans, moderne, barnedans, hiphop og ballett (dei tre første vert særleg vektlagde).
  • Bidra aktivt til utviklinga av fordjupningsprogrammet Hallingdal Dansekompani
  • Sikre at elevane si læring og utvikling alltid står i sentrum.
  • Starte, leie og gjennomføre framsyningar og danseprosjekt.
  • Styrkebasert rettleiing i tett samarbeid med elevar
  • Delta aktivt i utviklingsarbeid på tvers av fag ved kulturskulen.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning i dans (minimum bachelorgrad), gjerne med fordjuping i jazzdans, samtidsdans eller klassisk ballett.
  • Tilfredsstillande pedagogisk kompetanse. Søkjarar utan praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan òg bli vurderte, (med vilkår om å fullføre PPU innan ein avtalt tidsperiode.)
  • Erfaring frå undervisning i kulturskule, vidaregåande skule eller liknande er ein fordel.
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi ser etter deg som

  • Har solid dansefagleg kompetanse og god fysisk form.
  • Er ein dyktig formidlar med stor skaparglede og musikalitet.
  • Møter elevane med varme, respekt og motiverer til meistring og utvikling.
  • Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert.
  • Er ein lagspelar som bygger gode relasjonar.
  • Er strukturert, sjølvstendig og sterk på gjennomføring.
  • Har erfaring frå prosjektleiing og administrativt arbeid.
  • Tenker stort og framtidsretta, og brenn for dansen sin plass i samfunnet.

Vi tilbyr

  • Ein kommune med sterkt kulturfokus – vi har kultur for kultur!
  • Gode og støttande kollegaer i ein framtidsretta organisasjon.
  • Fantastiske fasilitetar: to store dansesalar (120 m² og 70 m²) og eiga dansescene.
  • Samlokalisering i Sprang – produksjons- og visningsarena for dans.
  • Samarbeidsmoglegheiter med profesjonelle aktørar frå heile verda gjennom residensordningar på Ål kulturhus.
  • Motiverte og engasjerte elevar i eit levande dansemiljø.
  • Eit varmt og inkluderande kulturskulemiljø der vi heiar på kvarandre.
  • Regionalt nettverk for dansepedagogar i Hallingdal med satsing på fagutvikling og kompetanseheving.
  • Ei årsramme for undervisning i 100 % stilling på 570.

Les meir om oss her: ·Sprang scene · Ål kulturskule · Ål kulturskule på Facebook · Ål kulturhus

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!

Velkomen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.05.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Ål kulturskule

Kontaktpersonar:

Iris Almås Tangeraas

tlf: +47 91750896

mob: +47 91750896

Adresse:

Myren 40 3570 ÅL

Kart: