Ål kommune Hallingdal leirskule

Er du glad i både menneske og natur og brenn for å lære unge meir om friluftsliv? Då er det deg vi ser etter!

Leirskuleinstruktør

Vi har ledig inntil 60% mellombels stilling som leirskuleinstruktør ved Hallingdal leirskule for skuleåret 2026/27, i perioden 12.08.26 - 31.07.27.

Vi er ein del av Topcamp Hallingdal og hjå oss får du jobbe ute heile året med din lidenskap, saman med ein dedikert, leiken og utviklingsorientert gjeng. 

Kvalifikasjonar

  • Allsidig friluftsliverfaring og idrettserfaring.
  • Kunnskap innan orientering og førstehjelp.
  • Det er ynskjeleg at du har: 
    • Erfaring frå opplæring/undervisning.
    • Instruktørutdanning innan alpinski, (nybegynnaropplæring) og/eller klatring.
    • Livredningsprøve i vatn.
    • Erfaring frå leirskule eller anna organisert friluftsaktivitet for barn i aldersgruppa 10-13 år.

Personlege eigenskapar

  • Trygg, positiv og tydeleg i møte med elevane.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
  • Kunnskapsrik og triveleg.
  • At du bidreg til kollegiet.
  • Møter elevar og vaksne med eit smil kvar dag.
  • Kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr

  • Dyktige, inspirerende og engasjerte tilsette.
  • Stabil personalgruppe.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Løns- og arbeidsvilkår er regulert av Hovudtariffavtala.

Andre opplysningar om stillinga

  • Utearbeid heile året.
  • Kveldsarbeid må påreknast.
  • Arbeidet fylgjer skuleåret.
  • Leirskulen har planlagt 18 leirskuleveker i 2026/27.
  • Arbeidsåret er periodisert.

Politiattest og søknad

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

09.02.2026

Tiltreding:

12.08.2026

Arbeidsstad:

Ål

Kontaktpersonar:

Tom Vegard Magnetun

mob: 95218291

Adresse:

Myrovegen 15, 3570 Ål

Kart: