Ål kommune Oppvekstsektoren

Morsmålsassistent i barnehage

Vi søkjer ein medarbeidar som kan arbeide som morsmålsassistent med russisk eller ukrainsk som morsmål i barnehage med oppstart frå 17.08.2026. Assistenten skal arbeide med barn frå Ål asylmottak. 

Stillinga vil tilhøyre ein barnehage, og assistenten vil ha som hovudoppgåve å følgje opp borna gjennom dagen og tolke samtaler mellom barnehage og heim. 

Stillinga er 100 % mellombels i perioden 17.08.26 - 31.12.26, men med moglegheit for forlenging.

 Kvalifikasjonar

  • Kompetanse innanfor russisk eller ukrainsk språk

Personlege eigenskapar

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:

  • kan uttrykke seg godt på både norsk og russisk / ukrainsk
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er løysingsorientert, fleksibel og lojal
  • likar å vere ute i all slags vêr, året rundt

Vi tilbyr

  • barnehagar med sterke utviklande og faglege miljø
  • engasjerte tilsette
  • stabil personalgruppe
  • kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
  • pensjonsordning KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Send søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.06.2026

Tiltreding:

17.08.2026

Arbeidsstad:

Ål Kommune

Kontaktpersonar:

Marie Bjørke

tlf: 47635450

E-post: marie.bjorke@aal.kommune.no

Adresse:

Torget 1 3570 ÅL

Kart: