Ål kommune Ål ungdomsskule

Har du erfaring med rådgjeving og vil hjelpe våre unge vidare etter ungdomsskulen? Då vil me sjå din søknad!

Rådgjevar / sosiallærar

Frå 01.08.26 er det ledig inntil 40% fast stilling som rådgjevar / sosiallærar i Ål kommune, pt Ål ungdomsskule.  Det kan vera aktuelt å utvide stillinga ved å kombinere med undervisningsstilling.

Oppgåver:

  • sosialpedagogisk rådgjeving og karriererettleiing for elevar som skal velgje vidaregåande opplæring
  • koordinere eksternt og internt hjelpeapparat i elevoppfølging
  • samarbeide tett med skuleleiing, lærarar, PPT og andre hjelpeinstansar, vidaregåande skule
  • oppfølging elevfråvær
  • ha ansvar for innsøking i VIGO

Kvalifikasjonar:

  • relevant pedagogisk eller sosialfagleg utdanning på minimum bachelornivå
  • minimum 60 studiepoeng i rådgivning/karriereveiledning, evt. gjennomføre denne utdanninga snarast
  • ynskjeleg med erfaring frå rådgjeving
  • dersom stillinga skal bli kombinert med undervisning, er det krav om godkjent lærarutdanning.  Før opp i søknaden kva fag du i så fall har undervisningskompetanse i

Personlege eigenskapar:

Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som

  • har god relasjonskompetanse med ungdom, og ungdom med særlege behov spesielt
  • har gode samarbeidsevner
  • er relasjonssterk og tillitsskapande
  • er tydeleg og strukturert
  • er praktisk og arbeidslivsorientert
  • er positiv, robust og løysingsorientert
  • er initiativrik, fleksibel og sjølvgåande
  • har stor arbeidskapasitet og arbeidsglede
  • har god rolle- og systemforståing
  • er strukturert og analytisk
  • har gode IKT-kunnskapar
  • har kunnskap om relevant lovverk og bruken av dette
  • ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
  • har engasjement for elevane og elevane sitt læringsfellesskap

Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.  Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr:

  • arbeidsplass med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
  • engasjerte og dyktige skuleleiarar
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

17.06.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Ål ungdomsskule

Kontaktpersonar:

Veronica Magnetun Wilhelmsen

tlf: 45811949

Adresse:

Sundrevegen 42, 3570 Ål

Kart: