Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har evne å skape trygge og tillitsfulle relasjonar? Då vil me gjerne ha din søknad!
Lærar / fagarbeidar / assistent
Det er behov for medarbeidarar innanfor innføringstilbod for barn og unge på mottaket på Torpo. Innføringstilbodet blir etablert ved Torpo skule og Ål ungdomsskule, med oppstart for medarbeidarar 10.08.26.
Medarbeidarar skal arbeide både på Torpo skule og Ål ungdomsskule basert på elevtal til eikvar tid. Elevane skal vera noko i ordinær klasse, og etter kvart gå over frå innføringstilbod til ordinær klasse.
Ål kommune treng lærar, dessutan fagarbeidar/assistent i mellombelse stillingar til dette føremålet, i perioden 10.08.26 - 18.06.27.
Vi har behov for:
- inntil 150% lærar
- inntil 200% fagarbeidar / assistent
- tilkallingsvikarar
Arbeidsoppgåver:
- lærar vil ha ansvar for undervisning og tilrettelegging på 1.-10. trinn, dvs både ved Torpo skule og Ål ungdomsskule
- fagarbeidar / assistent vil ha oppgåver i oppfølging og tilrettelegging i skule
Ønskelege kvalifikasjonar:
Lærar:
- lærar med allmennlærarutdanning, GLU 1.-7 eller 5.-10
- tospråkleg lærar med godkjent utdanning
Fagarbeidar / assistent:
- fagbrev barne- og ungdomsarbeidar
- assistent med erfaring innanfor barn / ungdom
- det er ein fordel om du meistrar norsk, ukrainsk, russisk eller polsk. Det er ein fordel om du også kan engelsk
Personlege eigenskapar:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Vi ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, som kan ta eit tak når det er nødvendig, og som er god på:
- relasjonar
- samarbeid
- inkludering
- fleksibilitet
- gruppe- og klasseleiing
Søknad og politiattest:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
09.06.2026
Tiltreding:
10.08.2026
Arbeidsstad:
Torpo skule og Ål ungdomsskule
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Torget 1 3570 ÅL