Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har evne å skape trygge og tillitsfulle relasjonar?
Lærarar / fagarbeidarar / assistentar - Innføringstilbod for barn/unge frå Ukraina
Då har me behov for akkurat deg!
I Ål kommune er det eit akuttmottak for flyktningar frå Ukraina. Kommunen har ansvar for å gje eit skuletilbod til barn i grunnskulealder. Me har tilbod om undervisning ved Torpo skule for barn 6-13 år og ved Ål ungdomsskule for barn 14-16 år. Ved Torpo skule er dei delt i to grupper, småskuletrinn og mellomtrinn.
I eit akuttmottak bur barna (max 3 månader) før dei får tilbod om busetting i ein kommune i Noreg, om familien ynskjer det. Når dei blir busette i ny kommune får dei eit vanleg grunnskuletilbod. Vårt tilbod i Ål kommune er eit innføringstilbod for barna/ungdommane på akuttmottaket. Det er viktig at dei får gå på ein skule, og at dei får generell kunnskap om det norske samfunnet. Det er og viktig at dei får innføring i det norske språket, slik at dei kan kommunisere med jamaldrande i Noreg. Jo meir dei lærer medan dei er i akuttmottak, jo lettare blir det for dei når dei skal ut i vanleg grunnskule i sin nye kommune.
Me veit ikkje kor lenge det blir akuttmottak i vår kommune, så stillingane er i utgangspunktet engasjementstillingar så lenge me har mottak .
Arbeidsoppgåver:
- Lærarane vil ha ansvar for undervisning og tilrettelegging på 1.-10. trinn.
- Fagarbeidarar og assistentar vil ha oppgåver i oppfølging og tilrettelegging i skule.
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar.
- Assistent med erfaring innanfor barn/ungdom.
- Lærar med allmennlærarutdanning, GLU 1.-7 eller 5.-10.
- Tospråkleg lærar med godkjent utdanning.
Me ynskjer primært deg som har ukrainsk som morsmål, og som i tillegg har gode norskkunnskapar. Det er ein fordel om du og kan engelsk.
Personlege eigenskapar:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Vi ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, som kan ta eit tak når det er nødvendig, og som er god på:
- relasjonar
- samarbeid
- inkludering
- gruppe- og klasseleiing
Politiattest og søknad:
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetting vil skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
09.02.2026
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Torpo skule og Ål ungdomsskule
Kontaktpersonar:
Kjell Arnne Haavaldsen
mob: 99287916
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Torget 1 3570 ÅL