Vil du vere med å gi borna i Ål ein god kvardag?
Fagarbeidarar / Assistentar
- Har du lyst til å arbeide med barn?
- Er du student, har tidleg eksamen og er ledig i desember?
- Har du eit friår?
- Har du reiseplanar som skal finansierast?
- Ønsker du deg ein meiningsfull jobb?
Vi søker medarbeidarar til barnehagane i Ål kommune.
Mellombelse stillingar i inntil 100% etter avtalt periode, men moglegheit for forlenging, i perioden 011225-310726.
Å jobbe i barnehage er ein svært lærerik, varierande og morosam jobb. Du får vera saman med barn, og jobbe med å legge til rette for trygge og fine dagar. Arbeidet med barn er meiningsfylt, og du vil vera med på å gjera ein forskjell.
Du vil jobbe saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte vaksne. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag. Og – du får gode arbeidstider med fri kvar kveld og helg.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller liknande. Men andre med interesse og gjerne erfaring med arbeid med barn, oppmodas og å søkje.
- Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg (minimum nivå A2–B1).
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Relevant erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel.
Vi tilbyr
- Eit arbeidsmiljø som arbeidar for fagleg utvikling.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
- Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar.
- Ein arbeidsplass der humor, glede og fagleg engasjement er høgt verdsett.
Politiattest og søknad
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
14.12.2025
Tiltreding:
01.12.2025
Arbeidsstad:
Barnehagane i Ål
Kontaktpersonar:
Marie Bjørke
tlf: 47635450
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Torget 1 3570 ÅL