Vil du bli ein del av eit profesjonelt team i Skattebøl barnehage?
Fagarbeidarar
Under føresetnad av budsjettmessig dekning for 2026, søkjer vi inntil 2 x 100% fast stilling frå 01.01.26
Å jobbe i barnehage er ein gjevande, varierande og interessant jobb. Arbeid med barn er meiningsfylt, og nettopp du kan vere med på å gjere ein forskjell for barna. Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar, fagarbeidarar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.
Skattebøl barnehage er ein kommunal barnehage som tilbyr inntil 60 plassar. Det er god plass å boltre seg på, både inne og ute. Vi ynskjer å vere ein arena der borna kan finne glede i å vere i eit fellesskap med andre born, og knytte vennskap før skuletida tek til.
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg. Dersom du har eit anna språk enn norsk som førstespråk, må du ha gjennomført norskprøve og ha A2 på delprøve i skriftleg framføring og B1 på delprøve i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi ynskjer at du:
- Har genuin interesse for barn.
- Trivast i lag med små barn.
- Er utadvent og trygg på deg sjølv.
- Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
- Er varm og omsorgsfull, og samtidig kan setje grenser i møte med barn.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Har pågangsmot og engasjement.
- Er lojal og positiv.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
- Ein barnehage med gode og utviklande arbeidsmiljø.
- Engasjerte kollegaer, barn og føresette.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning, felles for heile barnehagesekoren.
- Pensjonsordning i KLP.
- Løns- og arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest og søknad
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
07.12.2025
Tiltreding:
01.01.2026
Arbeidsstad:
Skattebøl
Kontaktpersonar:
Geir Liodden
mob: 91568450
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Branesvegen 2, 3570 ÅL