Pedagogisk leiar
Vi søkjer etter ein pedagogiske leiarar som ønskjer å være med å vidareutvikle Sundre barnehage som ein lærande organisasjon der refleksjon, samarbeid og fagleg engasjement står i sentrum.
Stillinga er inntil 100%, fast med oppstart frå 1. januar 2026 eller etter avtale.
Som pedagogisk leiar vil du få ansvar for å:
- Leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med statlege, regionale og lokale føringar.
- Planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogiske prosessar.
- Bidra aktivt i barnehagen sitt profesjonsfellesskap.
- Rettleie medarbeidarar og vere ein tydeleg fagleg rollemodell.
- Bidra til eit godt samarbeide med foreldre og andre instansar.
Kvalifikasjonar:
- Godkjend bachelorgrad som barnehagelærer, eller annan relevant pedagogisk utdanning.
- Gjerne erfaring frå arbeid i barnehage.
- Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)
- Vilje til å samarbeide og bidra inn i barnehagen sitt arbeidsmiljø.
Vi ser etter deg som:
- Har eit brennande engasjement for barns leik, læring og utvikling.
- Er fagleg reflektert og oppteken av pedagogisk kvalitet i kvardagen.
- Er opptatt av å delta i utviklinga av barnehagen si pedagogiske retning.
- Er trygg i rolla di som leiar og motiverer kollegaer gjennom samarbeid og open kommunikasjon.
- Er personleg eigna og alltid arbeider for barnet sitt beste.
Vi tilbyr:
- Eit arbeidsmiljø som arbeidar for fagleg utvikling for alle roller.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing
- Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar.
- Ein arbeidsplass der humor, glede og fagleg engasjement er høgt verdsett.
Politiattest og søknad:
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
30.11.2025
Tiltreding:
01.01.2026
Arbeidsstad:
Sundre / Ål
Kontaktpersonar:
Eli Hundven Smedsplass
mob: 94028297
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Gartnarvegen 1 3570 Ål