
Miljørettleiar
Ål kommune har frå 15.12.25 ledig eit vikariat i inntil 100% stilling som miljørettleiar, ved Ål ungdomsskule.
Vi ynskjer ein miljørettleiar som kan følgje opp enkeltelevar, som er synleg i elevane sitt fysiske miljø og som kan vere i klasserommet ved behov. Kontaktlærar har det faglege ansvaret, og miljørettleiaren vil samarbeide med kontaktlærar om opplæringstilbodet i klasserommet.
Personlege eigenskapar
- Er positiv, omsorgsfull og tydeleg.
- Er strukturert og målretta i arbeidet med enkeltelevar.
- Har godt humør og pågangsmot.
- Er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert.
- Vere ein tydeleg rollemodell og kunne sette grenser.
- Har evne til å sjå styrken og potensialet i elevar.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne med elevar, tilsette og føresette.
- Kan samarbeide i team rundt oppfølgjing og rettleiing av elevar.
- Kan samarbeide med hjelpeinstansar utanfor skulen.
- Forebyggande arbeid med sårbare elevar og utanforskap.
- Oppfølgjing av elevar; sosialt, personleg og fagleg.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innanfor pedagogikk, helse- og sosialfag eller vernepleie.
- Interesse for og erfaring med rettleiing av ungdom.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø.
- Engasjerte vaksne og barn.
- Skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- Pensjonsordning i KLP.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
Politiattest og søknad
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.09.2025
Tiltreding:
15.12.2025
Arbeidsstad:
Ål ungdomsskule
Kontaktpersonar:
Veronica Magnetun Wilhelmsen
tlf: 45811949
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Sundrevegen 42, 3570 Ål