
Barne - og ungdomsbibliotekar
Er du glad i folk og bøker? Likar du å formidle? Har du høg digital kompetanse?
Då ønskjer me på Ål bibliotek å ha deg med på arbeidslaget!
Stillinga er 60% fast og 20% mellombels (2 år).
Ål bibliotek er eit meirope bibliotek i hjarte av Ål kulturhus. Biblioteket er ein sentral del av kulturlivet i kommunen og samarbeider breitt med dei andre avdelingane på kulturhuset og med ulike aktørar i lokalmiljøet. Litteraturformidling, læring og digital utvikling er viktige satsingsområde. Ål bibliotek har i dag 4 tilsette, fordelt på 3,25 årsverk.
Sentrale arbeidsoppgåver
- ansvar for biblioteket sitt tilbod til skuler og barnehagar
- formidling til ulike målgrupper, på ulike arenaer
- delta i bibliotekdrifta med skrankevakter, publikumsrettleiing og arrangement
Kvalifikasjonar
- bibliotekfagleg utdanning på minimum bachelornivå
- anna utdanning, t.d. pedagogisk utdanning, kan bli vurdert
- kommunikativ, på både fysiske og digitale arenaer og plattformar
- erfaring frå bibliotek eller annan kultur- eller formidlingsverksemd
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med evne og vilje til å skrive nynorsk
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- god formidlingsevne og formidlingsglede
- god kontakt med di målgruppe; born og unge
- hyggeleg, imøtekommande og god til å samarbeide
- initiativrik og engasjert
Me tilbyr
- eit regionalt fagmiljø og samarbeidsforum
- entusiastisk fagmiljø på kulturhuset, med ledande ekspertise på fleire spennande felt innan kunst og kultur
- lønn i samsvar med tariff
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fleksibel arbeidstid, med noko kvelds- og helgearbeid
Send søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ønskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
06.08.2025
Tiltreding:
01.09.2025
Arbeidsstad:
Ål kulturhus
Kontaktpersonar:
Hilde Løkensgard Bjørnsvik
mob: 95944968
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Torget 1 3570 ÅL