Ål kommune Skattebøl barnehage

Spennande, variert og utfordrande leiarstilling i Ål kommune!

Barnehagestyrar

Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst.

Skattebøl barnehage blir frå hausten -25 ein fem-avdelings barnehage i Granhagen/Nossgrenda, ca. 3 km frå Ål sentrum. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Barnehagen skal nytte både lokale og uteområde ved Skattebøl barnehage og Skattebøl skule.

I Skattebøl barnehage set vi «den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barnas leik er høgt verdsett. Barnehagen skal frå hausten -25 etablere ei avdeling som ute/friluftsbarnehage.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for drift av barnehagen.
  • Personal-, fag- og økonomiansvar.
  • Vidareutvikle barnehagen.
  • Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet.
  • Styrke samarbeidet på tvers av avdelingar og andre aktørar i kommunen.
  • Sikre godt samarbeid med føresette.

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
  • Leiarerfaring.
  • Digital kompetanse.
  • Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller styrarutdanning-
  • Gjerne vidareutdanning/erfaring innan friluftsliv.

Personlege eigenskapar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer etter deg som:

  • Brenn for barnehageyrket og barnas beste.
  • Er innovativ, har evne til planlegging og gjennomføring, både på kort og lang sikt.
  • Er oppdatert innanfor barnehagefeltet.
  • Er resultat- og løysingsorientert.
  • Har god økonomisk forståing.
  • Har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Har erfaring med og evne til leiing i utviklingsarbeid.
  • Er ein tydeleg, trygg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere, inkludere og inspirere til felles innsats.
  • Er raus, fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver.
  • Har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med barn, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar.
  • Er oppteken av og interessert i fysisk og psykisk helse gjennom arbeid i og med naturen.
  • Har god formidlingsevne muntleg og skriftleg.
  • Likar å vere ute i all slags vêr, året rundt.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • Ein framtidsretta, variert og utfordrande jobb.
  • Eit solid og sterkt fagmiljø med gode vilkår for fagleg utvikling.
  • Fokus på natur, friluftsliv og kultur.
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar.
  • Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid.
  • Eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen.
  • Leiarstøtte, stor tillit, ansvar og nødvendig mynde.
  • Moglegheit for vidareutdanning og leiarutvikling.
  • Gode lønsvilkår og pensjonsordning.

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!

Velkomen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Skattebøl barnehage

Kontaktpersonar:

Sissel Skrindo

mob: 99287896

Adresse:

Branesvegen 2, 3570 ÅL

Kart: