
Fagarbeidar / miljøarbeidar
Stilling som fagarbeidar / miljøarbeidar inneber arbeid med barn både i skulen og på skulefritidsordning (SFO). Det kan også vera aktuelt med arbeid i klasse/gruppe og 1:1.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, evt anna relevant utdanning og/eller erfaring.
- Ønskeleg med kompetanse og/eller erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som
- Har interesse for, og aller helst erfaring med arbeid med barn og unge.
- Har evne til å skape gode relasjonar til enkeltelevar, føresette og kollegaer.
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
- Kan vera både tydeleg og omsorgsfull i møte med elevane.
Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- Arbeidsplass med gode og utviklande arbeidsmiljø.
- Ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
18.06.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Nedre-Ål skule
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Sundrevegen 43-45 3570 ÅL