
Brenn du for å utvikle innovativ undervisning? Då vil me ha deg med på laget!
Lærarar
Frå 1. august -25 er det ledig faste stillingar for lærarar ved 1-7. trinn ved Nedre-Ål skule.
Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle spennande og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Vi treng lærarar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer.
Det er spesielt behov for lærarar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk. Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg. Kontaktlærarfunksjon kan vera aktuelt.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
- Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som
- Brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane.
- Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
- Ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga.
- Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
- Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
- Engasjerte og dyktige skuleleiarar.
- Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- To-lærarsystem ved fleire av skulane.
- Miljørettleiarar ved skulane.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
18.06.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Nedre Ål-skule
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Sundrevegen 43-45 3570 ÅL