
Spennande, variert og utfordrande leiarstilling i Ål kommune!
Assisterande styrar
Sundre barnehage har 6 avdelingar, totalt 108 plassar og ca 34 årsverk. Sundre barnehage har assisterande styrar i 100% stilling.
I Sundre barnehage
- Skal vi sjå på alle menneske som like verdifulle og møte kvarandre med varme, interesse og respekt. Dette gjeld i alle møter mellom barn-barn, barn-vaksen, vaksen-vaksen.
- Skal gode møter mellom menneske hjelpe barna til å utvikle evna til å balansere individuelle behov opp mot gruppa sine behov.
- Ser vi på leik som barnas viktigaste aktivitet, der mykje av barnas læringsprosessar skjer. Dei tilsette skal vere aktivt deltakande i leiken til barna.
- Ynskjer vi ein kvardag der positivitet og glede står i fokus.
Les meir om barnehagen, oppvekstsektoren og Ål kommune på kommunen sine heimesider; www.aal.kommune.no/
Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst. Assisterande styrar rapporterer til styrar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide tett med styrar i kvardagen og bidrar aktivt i leiargruppa og personalgruppa til å vidareutvikle barnehagen og det pedagogiske arbeidet.
- Bidra til å vidareutvikle tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar i kommunen.
- Ansvar for å følgje opp administrativ oppgåver knytt til brannvern, miljøretta helsevern og helse, miljø og tryggleik barnehagen.
- Ansvar for bemanningsplanar og oppfølging kortidsfråver.
- Andre arbeidsoppgåver delegert frå styrar.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
- Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller styrarutdanning.
- Leiarerfaring.
- Digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer etter deg som
- Brenn for barnehageyrket og barnas beste.
- Er innovativ, har evne til planlegging og gjennomføring, både på kort og lang sikt.
- Er oppdatert innanfor barnehagefeltet.
- Er resultat- og løysingsorientert.
- Har god økonomisk forståing.
- Har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.
- Har erfaring med og evne til leiing i utviklingsarbeid.
- Er ein tydeleg, trygg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere, inkludere og inspirere til felles innsats.
- Er raus, fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver.
- Har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med barn, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar.
- Har god formidlingsevne muntleg og skriftleg.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- Ein framtidsretta, variert og utfordrande jobb.
- Eit solid og sterkt fagmiljø med gode vilkår for fagleg utvikling.
- Fokus på natur, friluftsliv og kultur.
- Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar.
- Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid.
- Eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen.
- Leiarstøtte, stor tillit, ansvar og nødvendig mynde.
- Moglegheit for vidareutdanning og leiarutvikling.
- God pensjonsordning i KLP.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
21.05.2025
Tiltreding:
23.06.2025
Arbeidsstad:
Sundre barnehage
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Gartnarvegen 1 3570 Ål