Ål kommune Kulturhuset

Kinomaskinist/teknisk vert

Ål kulturhus søkjer etter ny kinomaskinist/teknisk vert! Me ser etter deg som er positiv og løysingsorientert med eit stor engasjement for film, kino og teknikk.

Som kinomaskinist har ein ansvaret for førebuingar og avvikling av kinovisningar og arrangement, jobbar tett med kinosjefen på huset, det tekniske teamet og kiosktilsette. Å vere grundig, samt å ha gode samarbeidsevne er viktig for stillinga. 

Dette er ei tilkallingsstilling og arbeidsmengde vil variere. 

Arbeidsoppgåver:

  • Førebu og kvalitetssikre kinovisningar og arrangement i dei tre salane i kulturhuset.
  • Avvikling av kinovisningar og arrangement.
  • Ta imot leigetakarar av møterom og salar på kveldstid.
  • Kontrollere billettar og oppretthalde orden i fellesareal på kulturhuset, maskinrom og salar.
  • Alderskontroll.
  • Tilsyn med publikum.
  • Arbeid i turnus med kvelds- og helgearbeid.
  • Låseansvar.
  • Brannvakt/ansvarleg under film- og andre arrangement.

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring med digital kinoteknikk og/eller erfaring med AV-teknikk eller IT. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på, og det vil bli gjeve god opplæring.
  • Kjennskap til enkel lys- og lydteknikk.

Eigenskapar:

  • Positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevne.
  • Evne til å halde hovudet klart gjennom stressa situasjonar.
  • Forståing og interesse for salg og service.
  • Interesse for film, kino og korleis bilete og lyd i eit stort format påverkar opplevinga av levande bilete.
  • Du må ha fylt 18 år.
  • God munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Du som søkjar må ha vilje, forståing og motivasjon til å arbeide på eit hus som har ope når andre har fritid.

Me tilbyr:

  • Eit spennande, inspirerande og kreativt miljø.
  • Grundig opplæring og fagleg vidareutvikling.
  • Eit sosialt arbeidsmiljø.
  • God pensjonsordning.
  • Løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga. 

Velkomen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

07.05.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Ål Kulturhus

Kontaktpersonar:

Margit åsarmoen

mob: 41689170

Adresse:

Torget 1 3570 ÅL

Kart: