
Spennande, variert og utfordrande leiarstilling i Ål kommune
100% fast stilling styrar barnehage frå ca. 16.06.25, p.t. Sundre barnehage
Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst. Sundre barnehage har 6 avdelingar, totalt 108 plassar og ca 34 årsverk. Sundre barnehage har assisterande styrar i 100% stilling.
Sundre barnehage har eit stort og variert uteområde, med eigen leirplass, potetåker og små grønnsakskasser. Nærmaste nabo er Ål skulepark som er eit tilrettelagt park- og aktivitetsområde med bl.a. hinderløype, klatrestativ og plass for ballaktivitet. Det er gangavstand til Ål kulturhus og til Ål Idrettspark på Bråta.
I Sundre barnehage
- skal vi sjå på alle menneske som like verdifulle og møte kvarandre med varme, interesse og respekt. Dette gjeld i alle møter mellom barn-barn, barn-vaksen, vaksen-vaksen
- skal gode møter mellom menneske hjelpe barna til å utvikle evna til å balansere individuelle behov opp mot gruppa sine behov
- ser vi på leik som barnas viktigaste aktivitet, der mykje av barnas læringsprosessar skjer. Dei tilsette skal vere aktivt deltakande i leiken til barna
- ynskjer vi ein kvardag der positivitet og glede står i fokus
Les meir om barnehagen, oppvekstsektoren og Ål kommune på kommunen sine heimesider; www.aal.kommune.no/
Arbeidsoppgåver:
- overordna ansvar for drift av barnehagen
- personal-, fag- og økonomiansvar
- vidareutvikle barnehagen
- leie og utvikle det pedagogiske arbeidet
- styrke samarbeidet på tvers av avdelingar og andre aktørar i kommunen
- sikre godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar:
- pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
- digital kompetanse
Ønskeleg:
- leiarerfaring
- vidareutdanning innan administrasjon
- styrarutdanning
Personlege eigenskapar:
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer etter deg som
- brenn for barnehageyrket og barnas beste
- er innovativ, har evne til planlegging og gjennomføring, både på kort og lang sikt
- er oppdatert innanfor barnehagefeltet
- er resultat- og løysingsorientert
- har god økonomisk forståing
- har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- har erfaring med og evne til leiing i utviklingsarbeid
- er ein tydeleg, trygg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere, inkludere og inspirere til felles innsats
- er raus, fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver
- har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med barn, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar
- har god formidlingsevne muntleg og skriftleg
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:
- ein framtidsretta, variert og utfordrande jobb
- eit solid og sterkt fagmiljø med gode vilkår for fagleg utvikling
- eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar
- eit godt etablert tverrfagleg samarbeid
- eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen
- leiarstøtte, stor tillit, ansvar og nødvendig mynde
- moglegheit for vidareutdanning og leiarutvikling
- god pensjonsordning
- løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Politiattest og søknad:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
29.04.2025
Tiltreding:
16.06.2025
Arbeidsstad:
Sundre Barnehage
Kontaktpersonar:
Sissel Skrindo
tlf: 99287896
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Torget 1 3570 ÅL