100 % mellombels stilling i Hallinghelse – koordinator for trygg oppvekst Hallingdal – BTI
Om stillinga
Som koordinator for Trygg oppvekst Hallingdal har du som hovudoppgåve å sikre god tverrfagleg innsats og førebyggjande arbeid mellom sektorane i kvar kommune, samt å legge til rette for at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Koordinatoren har ansvar for å oppdatere handlingsrettleiarar til å vere i tråd med nasjonale lovar og faglege retningslinjer. Ei viktig oppgåve er også å hjelpe kommunane med dei behov dei har knytt til BTI-modellen.
Stillinga ligg under Hallinghelse, som er det interkommunale helsesamarbeidet for kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal og Flå. Oppmøtestad er Torpomoen.
Ansvarsoppgåver:
- Oppdatere, vedlikehalde og drifte www.tryggoppveksthallingdal.no, og sikre at handlingsrettleiaren, og anna materiell og programvare, er oppdatert med nye lovkrav i m.a. oppvekstreformen.
- Etablere nettverk mellom deltagande kommunar, og bistå med implementering og drift av BTI-modellen og www.tryggoppveksthallingdal.no.
- Samhandle med leiarar i både oppvekst- og helsesektoren for å sikre bruken av BTI-modellen, og for å fremje god tverrfagleg innsats og forebyggande arbeid mellom sektorar.
- Halde kommunane oppdatert på faglege råd og rettleiarar om tverrfagleg innsats og forebyggande arbeid.
- Utarbeide og vedlikehalde samarbeidsavtaler med samarbeidande instansar.
- Bistå kommunane med å utarbeide naudsynt planverk, der ansvaret for forebyggande arbeid og tidleg innsats står sentralt.
- Koordinator vil ha ei styringsgruppe beståande av kommunalsjefane for helse i dei 5 deltakande kommunane, og ha 3 årlege møter med desse.
Kvalifikasjonar:
- 3-årig høgskoleutdanning innan helse- og sosialfag, eller lærerutdanning. Annan 3-årig utdanning innanfor helse- og oppvekstfag kan vurderast.
- Kjennskap til BTI-modellen, og gjerne erfaring frå bruk av denne.
- God kjennskap til kommunane i Hallingdal og tverrfagleg samarbeid rundt born og unge.
- Meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt.
- Ha evne til å arbeide sjølvstendig, sette mål og arbeide systematisk for å nå desse.
- Førerkort klasse B.
Me kan tilby:
- Eit spennande og innovativt fagmiljø
- Ein sjølvstendig arbeidskvardag
- Lønn inntil 650.000 i 100 % stilling.
Relevant lovverk:
- Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 1-1, 3-3
- Barnevernsloven §§ 1-1, 3-1, 2. ledd
- Sosialtjenesteloven (lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen) § 1-1
- Folkehelseloven § 1-1
- Opplæringsloven
- Barnehageloven
Send søknad
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkommen som søkjar.
For spørsmål rundt stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i Hallinghelse, Iselin Haugo Stavn: iselin@hallingdal.no, tlf. 95 44 49 08
Send søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytt til stillinga.
Velkommen som søkjar.
Del på:
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
04.05.2025
Arbeidsstad:
Hallinghelse
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://hallinghelse.noAdresse:
Torpomoen 3570 Ål