Ål kommune Skattebøl barnehage

Fagarbeidar/assistent Skattebøl barnehage

Vi søkjer medarbeidar til Skattebøl barnehage og har no ledig 100% mellombels stilling som fagarbeidar/assistent. Dette er ein inntil 100% mellombels stilling. Perioden er 22.03.25- 17.08.25, men med moglegheit for forlenging.

Skattebøl barnehage er ein 3-avdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år, og blir frå 01.04.25 ein 4-avdelings barnehage. Barnehagen brukar lokale både ved Skattebøl barnehage og Skattebøl skule.

Skattebøl barnehage ligg fint til i eit skogholt, i Granhagen/ Nossgrenda, ca. 3 km frå Ål sentrum. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Vi likar å kalle oss ein «kulturbarnehage». Les meir om barnehagen på Ål kommune sine heimesider, www.aal.kommune.no.

Å jobbe i barnehage er ein gjevande, varierande og interessant jobb. Arbeid med barn er meiningsfylt, og nettopp du kan vere med på å gjere ein forskjell for barna. Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.

I Skattebøl barnehage set vi «den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barnas leik er høgt verdsett.

Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du:

  • har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og/eller anna relevant bakgrunn

Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:

  • trivast i lag med små barn
  • er utadvendt og trygg på deg sjølv
  • er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt
  • har gode samarbeidsevner
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

 Vi tilbyr

  • barnehagar med sterke utviklande og faglege miljø
  • engasjerte tilsette
  • stabil personalgruppe
  • kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
  • pensjonsordning KLP
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Politiattest og søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

26.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Skattebøl barnehage

Kontaktpersonar:

Grete T. Hagen

tlf: +47 32085406

mob: +47 40918118

Marie Bjørke

tlf: 47635450

Adresse:

Branesvegen 2, 3570 ÅL

Kart: