Ål kommune Skattebøl barnehage

Spennande, varierte og utfordrande leiarstillingar i Ål kommune

Styrar og assisterande styrar i barnehage, Ål kommune, frå 01.08.2025

Ål kommune har ledig:

  • 100% fast stilling som styrar p.t. i Skattebøl barnehage frå 01.08.2025
  • 100% fast stilling som assisterande styrar p.t. i Skattebøl barnehage frå 01.08.25

Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst. Assisterande styrar rapporterer til styrar.

Skattebøl barnehage blir frå hausten -25 ein fem-avdelings barnehage i Granhagen/ Nossgrenda, ca. 3 km frå Ål sentrum. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Banrehagen skal nytte både lokale og uteområde ved Skattebøl barnehage og Skattebøl skule.

I Skattebøl barnehage set vi «den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barnas leik er høgt verdsett. Barnehagen skal frå hausten -25 etablere ei avdeling som ute/friluftsbarnehage.

Les meir om barnehagen, oppvekstsektoren og Ål kommune på kommunen sine heimesider;  www.aal.kommune.no/

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for drift av barnehagen
  • Personal-, fag- og økonomiansvar
  • Vidareutvikle barnehagen
  • Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet
  • Styrke samarbeidet på tvers av avdelingar og andre aktørar i kommunen
  • Sikre godt samarbeid med føresette

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
  • Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller styrarutdanning
  • Gjerne vidareutdanning/erfaring innan friluftsliv
  • Leiarerfaring
  • Digital kompetanse

Personlege eigenskapar
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer etter deg som:

  • brenn for barnehageyrket og barnas beste
  • er innovativ, har evne til planlegging og gjennomføring, både på kort og lang sikt
  • er oppdatert innanfor barnehagefeltet
  • er resultat- og løysingsorientert
  • har god økonomisk forståing
  • har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig  
  • har erfaring med og evne til leiing i utviklingsarbeid
  • er ein tydeleg, trygg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere, inkludere og inspirere til felles innsats
  • er raus, fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver
  • har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med barn, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar
  • er oppteken av og interessert i fysisk og psykisk helse gjennom arbeid i og med naturen
  • har god formidlingsevne muntleg og skriftleg
  • likar å vere ute i all slags vêr, året rundt

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • ein framtidsretta, variert og utfordrande jobb
  • eit solid og sterkt fagmiljø med gode vilkår for fagleg utvikling
  • fokus på natur, friluftsliv og kultur
  • eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar
  • eit godt etablert tverrfagleg samarbeid
  • eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen
  • leiarstøtte, stor tillit, ansvar og nødvendig mynde
  • moglegheit for vidareutdanning og leiarutvikling
  • god pensjonsordning

Politiattest og søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Oppgje i søknaden om du søkjer stilling som styrar, assisterande styrar eller begge stillingane.

Velkomen som søkjar!

 

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.03.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Skattebøl barnehage

Kontaktpersonar:

Sissel Skrindo

mob: 99287896

Adresse:

Branesvegen 2, 3570 ÅL

Kart: