Barnehagane i Ål søkjer fleire engasjerte, dyktige og innovative pedagogiske leiarar
Pedagogiske leiarar - barnehagane i Ål
Ål kommune har 5 kommunale barnehagar av ulik storleik (2 til 6 avdelingar).
Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring, styrkebasert tankesett, inkluderande praksis og spesialundervisning, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.
Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn, trygg og kreativ måte for å lære, skape og utforske. Overgangar er eit område kommunen har arbeidd lenge med for å få til å flyte godt.
Som pedagogisk leiar blir du med i pedagogteamet vårt, med oppgåver som gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på di avdeling, dessutan ansvar for kontakt med føresette. Men først og fremst må du like å vera saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.
Kvalifikasjonar
- utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
- ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk
- dersom vi ikkje får søkjarar med barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning, kan andre søkjarar med barnefagleg bakgrunn eller friluftsutdanning vera aktuelle
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:
- brenn for barnehageyrket og det beste for barna
- er ein leikande og profesjonell vaksen
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
- er løysingsorientert, fleksibel og lojal
- har evne til å skape engasjement og styrke utvikling hos barna
- kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- barnehagar med sterke utviklande og faglege miljø
- engasjerte tilsette
- stabil personalgruppe
- kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
- stillingsprosent ut frå ønske/behov
- pensjonsordning KLP
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Politiattest og søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
03.03.2025
Arbeidsstad:
Ål Kommune
Kontaktpersonar:
Marie Bjørke
tlf: 47635450
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Torget 1 3570 ÅL