
Me vil ha deg med på laget - bli lærling i Ål kommune!
Lærlingar - open utlysing!
Som lærling i Ål kommune vil du få gode moglegheiter for fast jobb etter endt læretid. Du får ein dyktig rettleiar som følgjer deg opp under ditt lærlingeløp på 2 år, og du tener pengar allereie medan du tek utdanning. Du vil følgje utdanningsløp sett opp av fylkeskommunen, og bli fulgt opp av OK Viken som er opplæringskontoret for offentleg sektor i Buskerud.
Ål kommune tek inn lærlingar i faga
- vegdrift og vegvedlikehaldsfag
- aktivitør
- helsefagarbeidar
- barne- og ungdomsarbeidar
Barne- og ungdomsarbeidar
Som barne- og ungdomsarbeidar vil du planleggje og gjennomføre pedagogiske opplegg for barn og unge i alderen 0-18 år. Du vil jobbe med barn og unge enkeltvis eller i små og større grupper, og skal kunne tilpasse opplegga etter ulike aldersgrupper, funksjonsnivå og livssituasjonar. Utdanninga kvalifiserer mellom anna til arbeid i barnehage, grunnskule, skulefritidsordning (SFO) og vidaregåande skule.
For meir informasjon, ta kontakt med Sissel Skrindo.
Helsefagarbeidar
Ein helsefagarbeidar utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for dei som treng bistand. Viss du er glad i menneske og ønskjer å gjere ein skilnad i andre sin kvardag, har du moglegheit til det gjennom eit fagbrev i helsearbeidarfaget.
For meir informasjon, ta kontakt med Borghild Moen.
Slik søkjer du
Ordinær frist er 1. mars kvart år. Søknad sendast då gjennom portalen vigo.no. Om du ønskjer å søkje etter 1. mars, send søknad direkte til Ål kommune. Etter fristen startar Ål kommune vurderinga av søkarar og kallar aktuelle kandidatar inn til intervju.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Praksis
Heiltid/Deltid:
Praksis
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
Løpande
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Ål Kommune
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Torget 1 3570 ÅL