Spesialpedagog - Torpo skule
Frå 01.01.25 er det ledig 50% fast stilling som spesialpedagog ved Torpo skule. Stillinga kan kombinerast med 50% spes.ped. og/eller faglærar ved andre skular i kommunen.
Vi ynskjer ein pedagog som:
- har kunnskap om og erfaring med arbeid rundt elevar med nevroutviklingsforstyrringar
- samarbeider godt med hjelpetenestene
- er god på tilrettelegging på individnivå
- har evne til å eteblere gode relasjonar med elevar
- har evne til å tenke kreativt og løsningsorientert.
Ål kommune har ein desentralisert skulestruktur med både små og litt større skular; Torpo skule, Skattebøl skule, Nordbygdene skule og Nedre-Ål skule. Frå 8. trinn blir alle elevane samla ved Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ønskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap ved skulane våre.
Torpo skule har skuleåret 2024/2025 45 elevar fordelt på 1. - 7. trinn. I tillegg til rektor er det 8 lærarar, 10 assistentar og ein lærling knytt til skulen. Vi har god plass både ute og inne, og prøver å bruke denne så mykje vi kan til aktiv læring og leik. Vi samarbeider med Torpo barnehage som ligg eit steinkast unna. Skulen har gymsal og svømmebasseng. Vi har eit flott uteområde, med ballbinge der det også kan leggjast is om vinteren. Gapahuk og skileikområde ligg i skogen 100 m frå skulen.
Kvalifikasjonar:
- ønskeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk
- godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg § 14-1 til 14-3
- før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:
- brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane
- er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt
- ser på leik viktig og som ein god metode i undervisninga
- ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:
- arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
- rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
- engasjerte og dyktige skuleleiarar
- skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- miljørettleiarar ved skulane
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Politiattest og søknad:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Me ser fram til å motta søknaden din!
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.12.2024
Tiltreding:
01.01.2025
Arbeidsstad:
Ål Kommune
Kontaktpersonar:
Ine Kolsrud
mob: 41140516
Heimeside:
http://www.aal.kommune.noAdresse:
Skulebakken 3 3570 Ål