Ål kommune Sundre barnehage

Pedagogisk leiar - Sundre Barnehage

Vi treng pedagogisk leiar! Er du utdanna barnehagelærar eller har anna relevant utdanning som gir pedagogisk kompetanse til å arbeide i barnehage?

Sundre barnehage har ledig inntil 100% fast stilling som pedagogisk leiar med oppstart snarast.

Sundre barnehage er ein seks avdelings barnehage med 82 barn i alderen 1-5 år. Barnehagen ligg med sentral plassering på Ål og har kort veg til skulepark, bibliotek, togstasjon og idrettsarena. Visjonen til Sundre barnehage er: Leik, lær og le – le, lær og leik. Saman med barn og vaksne i barnehagen kan du vera med på å skape ein kvardag for borna i Sundre som gir rom for akkurat dette.

Arbeidsoppgåver:

Som pedagogisk leiar i Sundre barnehage er du ansvarleg for å leie og iverksette det pedagogiske arbeidet på ei avdeling. Du vil arbeide i tett samarbeid med dei andre pedagogane og med god støtte frå både styrar og assisterande styrar. Du er med på å skape eit trygt og godt miljø for alle våre barn gjennom leik, læring, omsorg og danning. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga og sjå til at barnehagelova og rammeplan blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

Kvalifikasjonar:

  • utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
  • kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage

Personlege eigenskapar:
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som

  • brenn for barnehageyrket og barnas beste
  • er glad i barn og har evne til å arbeide relasjonelt med barn
  • er ein leikande vaksen, som har høg respekt for barnas leik
  • bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa
  • gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • kan uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr:

  • ein barnehage som arbeider for å ha eit fagleg miljø med breidde
  • fadder på arbeidsplassen
  • ei personalgruppe som arbeider for å vidareutvikle seg
  • eit spesialpedagogisk team i barnehage som følgjer opp det spesialpedagogiske arbeidet
  • ulike ressursar utover grunnbemanning, som er knytt til språk, tidleg innsats, møteressurs, vikarressurs
  • ei personalgruppe som verdset humor i kvardagen
  • meningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer
  • ein kvardag der på psykologisk tryggleik har ein naturleg plass
  • hjelp til å finne bustad
  • gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning
  • pensjonsordning i KLP
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Politiattest og søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Me ser fram til å motta søknaden din!

 

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.12.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Ål Kommune

Kontaktpersonar:

Marie Bjørke

mob: 47635450

Mette Oleivsgard

tlf: 32085051

mob: 90032748

Adresse:

Gartnarvegen 1 3570 Ål

Kart: