Ål kommune KAV - kommunalt avløpstilsyn og vassforvaltning

Brenn du for miljøet? Då vil me ha deg med!

Medarbeidar tilsyn / sakshandsaming utslepp 100% fast stilling

Vatn er ein av våre viktigaste ressursar. Saman med oss vil du sørge for god vasskvalitet og bidra til å ivareta naturen i Hallingdal. Dine oppgåver er å følgje opp vassdirektivet, handsame utsleppssøknadar og føre tilsyn med private avløpsanlegg. Fine sommardagar kan du stikke frå kontoret og vera ute i felt. 

Avdelinga er vertskap for kommunalt avløpstilsyn og vassforvaltning (KAV) for kommunane Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå, lokalisert på Torpomoen.

Arbeidsoppgåvar:

  • tilsyn og oppfølging av små avløpsanlegg
  • kartlegging og oppfølging av oljeutskiljar
  • sakshandsaming etter PBL/forureiningsforskrifta for avløpsanlegg
  • opprydding i spreidd avløp
  • rapportskriving etter tilsyn

Me ønskjer at du:

  • har relevant utdanning, praksis eller erfaring med spreidd avløp
  • brenn for å ivareta natur og miljø
  • har erfaring frå avløpssaker og kommunal sakshandsaming
  • har kjennskap til ulike reinseprosessar i større avløpsreinseanlegg
  • har gode IKT ferdigheiter
  • vilje og evne til å lære nytt
  • er serviceinnstilt, ryddig og god til å ordlegge deg munnleg og skriftleg på norsk
  • likar og har evne til å koma i kontakt med andre

 Søkjarar må ha førarkort for bil.

Me tilbyr:

  • varierte, spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • arbeid ute i felt i sumarhalvåret
  • løn etter avtale og gunstig pensjonsordning

Søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte kommunalsjef Reidun Aaker tlf. 99287854 eller kontorleiar Glen Arvid Valstad tlf. 47825348. Vi ser fram til å motta søknadan din!

 

 

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.01.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Torpomoen

Kontaktpersonar:

Glen Arvid Valstad

mob: +47 478 25 348

Reidun Aaker

mob: +47 99287854

Adresse:

Torpomoen 0000 ÅL

Kart: