Ål kommune Kulturhuset

Er du vår nye energiske kundeservice- og økonomimedarbeidar?

Kulturhuset i Ål Kommune søkjer no etter ein ny kundeservice- og økonomimedarbeidar til teamet vårt! Me ynskjer å finne ein person som brenn for å skape gode kulturopplevingar for gjestane våre, og som samtidig har ein god forståing for tall og økonomi. Denne stillinga innhald fleire spennande arbeidsoppgåver og her er det moglegheit for å vere med å påverke eigen arbeidskvardag! Ynskjer du å bidra til å vidareutvikle Ål kulturhus som eit av landets leiande kulturhus? Då vil me høyre frå deg!

Stillinga som kundeservice- og økonomimedarbeidar er ein 100% fast stilling. Som vår nye medarbeidar rapporterer du til kulturhusleiaren. Arbeidstida er stort sett på dagtid, men ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid i tilknyting til arrangementsavvikling. Me ynskjer snarleg tiltreding.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Halde oversikt over besøkjande i kulturhuset.
  • Booking av møterom og noko ansvar for arrangement.
  • Svare på henvendelser til kulturhuset på epost og telefon.
  • Ansvar for skranken, med kiosk og billetsal, samt kassehandsaming.
  • Sal av kunst frå Galleri Syningen.
  • Regnskapsføring, rapportering og fakturering.
  • Årsoppgjør på enkelte prosjekt.
  • Tilrettelegging av skolebesøk og noko omvisingar i Nesch-museet.
  • Systemansvar for ulike digitale system.

Ynskjelege kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Gjerne høgare utdanning innan eit relevant fagområdet. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • Ein solid system- og prosessforståing – må kunne danne seg ein forståing for kulturhuset som ein heilheit.
  • Må kunne beherske norsk og engelsk - munnleg og skriftleg. Ål kommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.
  • Må ha gode datakunnskapar og ferdigheitar.
  • Ynskjeleg med erfaring innan digitale verktøy som Visma og DX, men grundig opplæring vil bli gitt.

Me ser etter ein person som:

  • Er ein god relasjonsbyggjar.
  • Bidreg positivt og konstruktivt i samarbeid, både internt i organisasjonen og med eksterne samarbeidspartnarar.
  • Er serviceinnstilt og positiv.
  • Meistrar ein hektisk kvardag med høgt arbeidstempo.
  • Trivast med å hjelpe kundar og verdset gode kundeopplevingar.
  • Evnar til effektiv kommunikasjon og har gode samarbeidsevna.
  • Er ein person med god struktur som likar orden og system.
  • Har overblikk og evne til å sjå omfanget av arbeidsdagen.
  • Jobbar effektivt og målretta for å nå dagens mål.
  • Ynskjer å bidra til vidareutvikling, er fleksibel, nysgjerrig og nytenkjande

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr:

  • Ein unik jobbmoglegheit i ei sterk kulturkommune.
  • Ein fagleg interessant moglegheit til å fylle ei nøkkelrolle på Ål kulturhus.
  • Eit entusiastisk fagmiljø, med leiande ekspertise på fleire spanande felt innan kunst og kultur.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst i Ål Kommune gjennom kurs og vidareutdanning.
  • Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar regulert av Hovedtariffavtala.

Send søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Intervju vil skje løpande gjennom søknadsprosessen.

 Velkomen som søkjar! 

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.05.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Ål Kulturhus

Kontaktpersonar:

Margit åsarmoen

mob: 41689170

Adresse:

Torget 1 3570 ÅL

Kart: