Ål kommune Nordbygdene Barnehage

Fagarbeidar/assistent i Nordbygdene barnehage

Ål kommune har ledig 100% mellombels stilling som fagarbeidar/assistent i perioden 01.08.24-10.08.25

Om stillinga 
Nordbygdene barnehage er ein av fem kommunale barnehagar i Ål kommune. Barnehagen set leik, læring, samspel, meistring og medverknad i fokus; der personalet arbeider tett på barna, for å bidra til trivsel, utvikling, leik og læring. Nordbygdene barnehage har stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Les meir om barnehagane på Ål kommune sine heimesider; www.aal.kommune.no.

Som fagarbeidar/assistent deltek du i dei daglege rutinane og aktivitetane på avdeling med barn, medarbeidarar og i møte med føresette. Du deltek også på personalmøte og avdelingsmøte.

Me søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar 

  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • anna relevant utdanning og/eller praksis blir vurdert

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi ynskjer at du:

  • er ein engasjert og leikande person som er interessert i å gjere kvar dag til ei god oppleving for borna våre
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • ein barnehage med godt samarbeidsklima og utviklande arbeidsmiljø
  • spanande arbeidsplass med tett samarbeid mellom barnehage og skule
  • engasjert personalgruppe, flotte barn og føresette
  • felles kompetanseheving
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Send søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månade
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Ål Kommune

Kontaktpersonar:

Einfrid Hagen

mob: +47 99527757

Adresse:

Nordbygdvegen 70 3570 ÅL

Kart: