Ål kommune Oppvekstsektoren

Vil du teste ut jobb i oppvekst, eller treng ei fleksibel stilling ved sida av?

Tilkallingsvikar - Barnehage og skule

Barnehagane og skulane i Ål har behov for vikarar som dei kan ta kontakt med ved fråvær. Dersom du ønskjer å bli registrert som tilkallingsvikar, kan du vise interesse ved å søkje på denne utlysinga. 

Tilkallingsvikarar som det inngås avtale med, vil bli kontakta av aktuell skule eller barnehage når dei har behov for vikar, anten for nokre timar av ein dag, ein dag eller fleire dagar. Det er skulen og barnehagen sitt behov som er utgangspunktet for ein førespurnad, og dei står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilde høve. 

Me gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gjev rett på vikaroppdrag og at den som vert tilsett kan takke nei til tilbod om vakter. 

Ein arbeidsavtale vil gjelde for inntil eit år og følgje skule- og barnehageåret. 

Kvalifikasjonar

Ingen krav om formell utdanning, men det er ein fordel om du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller erfaring frå arbeid i skule eller barnehage. 

Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. 
Det er innført krav om norskkunnskapar for dei som skal arbeide i barnehage. Dersom du har eit anna språk enn norsk som førstespråk, må du ha gjennomført norskprøve og ha A2 på delprøve i skriftleg gjennomføring og B1 på delprøve i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon. 

Lønsvilkår

Løn etter timeliste.
Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. 

Politiattest

Dersom det vert inngått avtale om å vere tilkallingsvikar, må det leggjast fram godkjent politiattest. Etter tilbod om stilling, søkjar du attest. Attesten blir makulert etter at han er nytta i samband med tilsettinga. 

Del på:

Fylke:

  • Østfold
  • Akershus
  • Buskerud

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.08.2024

Tiltreding:

Fortløpande

Arbeidsstad:

Ål kommune

Kontaktpersonar:

Jorunn Granheim

tlf: 32085079

Sissel Skrindo

tlf: 99287896

Adresse:

Torget 1 3570 ÅL

Kart: